Arego
kw:!support_us

Bronse til Lars Lunde i NM innandørs

06.03.2016 |Nils Hetleflåt

Det var Lars Lunde som stod for den største prestasjonen under andre dag i innnandørs NM i Bærum.

På 800m vart det 3.plass med tida 1,57,98 og ny pers. Dette løpet utvikla seg som eit skikkeleg lureløp og det vart passert på undt 60,5 for Lars halvvegs, før farten vart auka i kraftig på dei to siste rundane. For Lars var dette ei fin fjør i hatten etter at 1500m vart øydelagt av sjukdom.

på 3000m for Tom Erling Kårbø vart det eit tungt løp og han sprang inn til 4.plass med tida 8,19,69. Dette er ny pers, men målsetjinga var høgare enn som så. 

Kontakt
Kalendar