Arego
kw:!support_us

Fleire stemner til helga 29.-30.juni med Stord deltakarar

26.06.2019 |Nils Hetleflåt

Til helga går storstemnet Värdsungdomsspelen i Gøteborg av stabelen og på dette stemnet er det påmeldt over 3500 deltakarar frå over 20 nasjonar. Frå Stord II-friidrett ler følgjande meldt på: Lars Lunde (ms): 1500m, 5000m og 3000m hinder; Jacob Vaula (G19) 100m og 200m; Erend Hatlem Kringeland (G17): 1500m og 3000m.

For Lars og Jacob så er de siste sjanse for å klare krava til EM, hhv U23 for Lars og U20 for Jacob. Jacob må springa 100m på 10,70 s eller fortare viss han skal komme med medan Lars må springe under 9,10,00 på 3000m hinder eller 14,15,00 på 5000m. Han kommer bare til å springe ein av distansane i Gøteborg.

I Ulvik vert Ulvikaleikane arrangert på øsndag 30.juni og her skal Harald Kårbø gjera comeback på 3000m etter eit 3 års langt skademareritt. Målet hans er å underskrida kravet til NM som er på 8,35,00 og dermed kvalifisera seg til NM på Hamar frå 2.-4.august. Johannes Thomsen stiller og på 3000m og han har som mål om å persa på distansen.

Kontakt
Kalendar