Arego
kw:!support_us

Førehåndsreportasje om NM terrengløp lang løype i Vik 14.oktober

13.10.2017 |Nils Hetleflåt

Laurdag 14.oktober er det klart for NM terrengløp lang løype som går i Vik i Sogn og Fjordane. Frå Stord IL-friidrett er det Pernilla Eugenie Epland som skal forsvare Stord sine fargar og ho skal springa 6 km. I kvinneklassen er det påmeldt 18 løparar og det påmeldt 10 veteranløparar i frå 35-49 år som skal starte samtidig.

Mange av løparane frå NM på bane i Sandnes er meldt på og det er eit sterkt felt i kvinneklassen. Pernilla har ei målsetjing om å kjempa om medalje i dette meisterskapet og i det siste løpet ho sprang vart det sølv på 1/2-maraton. Så står igjen å sjå korleis det går i terrenget denne laurdagen.

Alt om meisterskapet finn du her: www.nmvik2017.no

Det vert streaming frå meisterskapet, som vises på www.nmvik2017.no  og start på 6 km for kvinneklassen er kl 13:30

Kontakt