Arego
kw:!support_us

God avslutning fro Stord utøvarane på tredje dag på Tyrvinglekene

18.06.2017 |Nils Hetleflåt

Nok ein dag med flotte forhold på Nadderud då Tyrvinglekene hadde sin avslutningsdag. 

Jacob var tidleg i aksjon med 100m forsøk kl 10.15 og frå heat 2 hadde han god kontroll på resten av konkurrentane då han vann med tida 11,45. I finalen nokre timar seinar på dagen vart det løpt fortare og med tida 11,31 vart han nr 3 i klassen.

Tone var i aksjon på 100m forsøk og frå heat 4 sprang ho inn til 3.plass med tida 12,63, som er ny pers med 5 hundredelar og ny lagsrekord for Stord IL. Desverre så holdt ikkje det til avansement til finalen då den 8.beste jenta i forsøket sprang inn itl tida 12,62. 

Julian sprang inn til seier på 80m hekk med tida 12,12 i ein motvind på 1,9 sekundmeter og var over 3 tidelar foran neste l mål. I høgde tok han ein ny klar seier då han hoppa over 1,66m. Totalt oppnådde han 3 seirar og 4 nye personlege rekordar.

På 1500m i G-14 var det 23 løparar og Erlend sprang inn til ny pers med tida 4,54,36 og det holdt til 16.plass. Han klaga på at det var varmt og temperaturmålaren viste rundt 27 grader når løpet vart avvikla.

På 800m var Arne først i akjson i G-17. Han opna i god fart og første 200m vart passert på 28,5. Ved passering 600m gjekk han fram i front på feltet og tida viste 1,30,8. Ved utgongen av siste sving var han falt ned til 4.plass i feltet, men ei sterk siste langside gjorde at han sprang inn til 3.plass. Tida vart sterke 2,00,99 og ny pers med 3,24s. Vegard (20) sprang i c-heatet for menn og inspirert av det sterke løpet til Arne forbetra han seg frå 2,09,85 til 2,07,71. Han hadde følgande passeringar: 200m på 29,1og 600m på 1,33, og som ein ser så vart det tungt på siste 200m.

Og dermed var Tyrvinglekene over for Stord sine utøvarar.

Kontakt
Kalendar