Arego
kw:!support_us

Godt løp av Tom Erling Kårbø i nordisk meisterskap i terrengløp 12.11.2016

13.11.2016 |Nils Hetleflåt

Det var vinter vêr som møtte dei 28 seniorløparane som sprang nordisk meisterskap i terrengløp i Kristiansand, snø underlag med is gjorde at det vart ein ekstra utfordring. Løypa var målt til å vere 1480m og denne skulle dei gjennom 6 rundar, samt eit oppløp på 100m.

Det vart satt opp høg fart allerede frå start av og Tom Erling vart liggjande i ei stor pulje like bak kvartetten som stakk av . I den smale og svingete løypa var det vanskeleg å avansera i perioder av traseèn, men Tom Erling sprang lurt og holdt seg forholdsvis langt framme i det store feltet. Etter kvart som løpet utvikla seg, så avanserte Tom Erling framover og ved målpassering var han på 7.plass i  9 km lange løpet.

Etter løpet gav han uttrykk for at han var godt fornøgd med løpet sitt og at han hadde fått heva seg på dei 14 dagane som var gått sidan terrengløpet i Middelfart. Vidare så hadde han pressa så hardt at han låg på grensa til sting på den 4 og 5 runden, og dermed hadda han vore litt avventande her pga faren for å gå over grensa og få skikkeleg sting.

Tom Erling vart 4 beste norske landslagsløpar og dermed vart han telljande på det norske laget (4 beste løparane) som vart nordisk meister for lag foran Sverige og Danmark.

Neste løp vert det 10 km lange terrengløpet Gala Warandeloop i Tilburg i Nederland søndag 27.november der han kommer til å møte mange gode løparar frå Europa.

Her er resultata frå nordisk meisterskap i Kristiansand: https://www.webscorer.com/race?raceid=86374

 

Kontakt
Kalendar