Arego
kw:!support_us

Gull i junior NM til Stord på dag 1 i Fredrikstad

09.08.2014 |Nils Hetleflåt

Det vart gull til Lars Jonasen Føyen på 5000m i U-20 og bronse til Sondre Egeli Øvrebø i diskos i U-23.

Lars vann ein spennande 5000m i den yngste klassen med tida 15,28,61 og var med det 34 hundredelar foran nr 2, som var Kristian Tjørnhom frå Kristiansand Løpeklubb. Det var ein 5000m som utvikla seg til eit lureløp og der heile 9 løparar låg samla 400m føre målgang, der Lars viste seg som ein sikker avsluttar og la dei andre løparane bak seg. Med det sikra han seg sin første tittel som junior.

Sondre gjennomførte sin beste diskos konkurranse nokon gang og forbetra sin personlege rekord heile tre gongar. Han endte til slutt opp med 41,75 m og var med det bare 15cm bak sølvet. 

Tidlegare på dagen kvalifiserte både Lars Lunde og Lars Jonassen Føyen seg til finale på 1500m, ved å verte hhv 5 og 6 i kvart sitt forsøksheat. Idiskos for menn U-20 vart både Jørund Løken og Asbjørn Lunde dy utslått og kom ikkje blant dei 8 som fekk kasta i finalen. Joakim M. Grutle vart utslått i forsøksheatet på 100m i menn U-20.

 

Kontakt
Kalendar