Arego
kw:!support_us

Jacob Vaula utslått i forsøket på 100m på U18 EM

05.07.2018 |Nils Hetleflåt

Under dagens føremiddagsøkt i ungarske Györ på U18EM så sprang Jacob Vaula i det 5.heatet. VIndstyrken i dette løpet var -0,9m/s og Jacob sprang inn itl 5.plass i heatet på tida 11,23. Han hadde ein god start, men fall bakover i feltet etter kvart som dei nærma seg målstreken. Dei 3 beste i heatet gjekk automatisk vidare og for å ha gått vidare på tid måtte Jacob ha sprunge på 11,09. Han vart totalt nr 32 av 41 fullførande løparar i forsøksheata.

Dette gav nok meirsmak og er ein god erfaring i den vidare treninga for Jacob. No får ein sjå om han kommer med på norske stafettlaget på 1000m stafett (100-200-300-400) som skal springa forsøk på laurdag.

Kontakt