Arego
kw:!support_us

Jacob Vaula utteken på rekrutteringslandslaget til NFIF

26.09.2018 |Nils Hetleflåt

Jacob Vaula er blant dei utøvarane som er tatt ut på rekrutteringslandslaget til Norges Friidrettsforbund i sprint. Dei skal ha si første samling til helga i Skien og saman med han reiser og trenaren Åge Bjelland.

Jacob har hatt ein sterk sesong i 2018 og forbetra seg på 100m frå 11,24 til 10,93 og på 200m frå 22,84 til 22,38. Han har representert Noreg i U18-EM på 100m, han har bronse frå 100m og 200m i junior-NM, samt gull og sølv frå UM på hhv 100m og 200m.

Friidrettsgruppa gratulerer Jacob med plass på landslaget.

Kontakt