Arego
kw:!support_us

Landsbyløpet 2017

23.04.2017 |Nils Hetleflåt

2 løparar frå Stord IL-friidrett hadde tatt turen til Randaberg denne søndag føremiddag for å ta del i Landsbyløpet. Ole Christer Kvellestad (17) på 5 km og Vegard Havn (20) på 10 km.

Vegard opna hardt og la seg på hjul med vinnaren av løpet dei første 500m, men slapp seg litt bak etter kvart. Ved 2,5 km vart han henta inn av av vinnaren av kvinneklassen og ein mannleg løpar, som han sprang i lag med fram til 4 km før han slapp. Deretter vart han springande åleina fram til 7 km då det kom opp ein ny løpar som Vegard klarte å henga på i ca 500m, men då vart farten for høg. I mål kom Vegard på tida 35,38 min og forbetra persen sin frå 2016 med 1,41 min og vart totalt nr 4. i herreklassen.

Ole Christer stilte opp på 5 km og han sprang inn til tida 19,15 min og totalt 5 km på distansen. Etter skisesongen og ein skade var det godt å sjå Ole Christer tilbake med joggesko på beina.

Alle resultat finn du her: http://live.eqtiming.no/31806?focusuid=32609

 

 

Kontakt
Kalendar