Arego
kw:!support_us

Lars Jonassen Føyen sprang under junior VM-kravet på 10000m

05.06.2014 |Nils Hetleflåt

På dagens stadionmil på Kristiansand stadion debuterte Lars Jonassen Føyen på 10000m bane og for ein debut det vart. Med tida 31,17 sprang han 12 sekund under kravet til junior-VM på 10000m og vart nr 2 i løpet. Han var beste juniorløpar i feltet og han har med dette løpet lagt inn gode aksjer til å få seg ein tur til junior-VM i Eugene i Oregon på vestkysten av USA i siste del av juli.

Arrangøren stilet med fartsholdar til konkurransen og målet var å springa jamnast moglege rundar på 75,5, 25 i talet. Etter å ha sett utviklinga på løpet så må det seiast at det har gått jamnt og trutt med Lars på dette løpet. Han starta med å ligga på halen i hovudfeltet og jobba seg jamnt og trutt framover i feltet. Frå 6000m måtte han gjera mykje av dra jobben sjølv og det klarte han greitt i det ausande regnveret som var i Kristiansand denne kvelden.

Resultat finn ein på følgande side: https://topptid.no/ der ein vel stadionmila.

 

Kontakt
Kalendar