Arego
kw:!support_us

Lars Jonassen Føyen tatt i ut Noregs tropp til junior-Vm i Eugene

13.07.2014 |Nils Hetleflåt

På torsdag 10.juli vart det endeleg klart at Lars Jonassen Føyen var klar for den norske troppen, som består av 25 utøvarar, til junior VM i friidrett. Meisterskapet skal foregå i Eugene i staten Oregon i USA i tidsrommet 22.-27.juli. Med dette så er Lars den første frå Stord IL til å representere Noreg i eit junior vm i friidrett og han skal springa 10000 meter tysdag 22.juli kl 20:35 lokaltid (05:35 23.juli norsk tid).

Den norske troppen reiser i dag søndag 13.juli over til USA og skal ligge i precamp ved Pacific University i Oregon fram til neste søndag kor dei reiser til deltakar landsbyen i Eugene. Denne tida skal dei bruke til å venne seg til tidsskilnaden som er på 9 t og akklimatisere seg. Sjølv om det er godt og varmt i Noreg no så vil dei møte ein temperatur på opptil 39 grader i USA, så det dei treng tida.

Kontakt
Kalendar