Arego
kw:!support_us

Nær vm-kravet i Brussel

26.08.2019 |Nils Hetleflåt

På fredag gjorde Tom Erling Kårbø nok eit forsøk på å komme seg under det "magiske" 8,29,00 på 3000m hinder og han var nær, men tida 8,32,10 var ikkje godt nok denne kvelden. Han sprang inn til 3.plass på distansen, kor vinnaren sprang inn på  8,31,48.

Det høyrer med til historia at på kveldens løp dukka ikkje fartsholdaren opp til start og dermed hoppa stemnedirektøren inn som "fartsholdar", men det  varte bare i 1 runde og farten var ikkje god nok for løparane. Det var dermed mykje knuffing dei første 3 rundane før løpet satte seg.

Tom Erling reiste opp til St. Moritz dagen etter løpet for å førebu seg mot eit eventuelt VM, samt at han mest truleg gjer eit siste forsøk på å klare kravet i spanske Andujar den 6.september.

Kontakt
Kalendar