Arego
kw:!support_us

Ny klubbrekord på 100m under Bislett Games

15.06.2019 |Nils Hetleflåt

På Bislett Games torsdag 13.juni nytta Jacob Vaula høve til å pynta på sin eigen pers på 100m til tida 10.89s. Med det vart han nummer 4 på distansen og forbetra persen sin med 4 hundredelar. 

Etter løpet var han svært nøgd med gjennomføringa av løpet sitt og den atmosfæren han kjente på når han kom inn på stadion med mykje folk på tribunen.

Pernilla E. Epland sprang 1500m, som starta like før 100m, og ho kom inn på tida 4.28.16 og plasserte seg som nr 5 på distansen. Farten var høg alt frå start og Pernilla vart liggjande å dra på pulje 2 i over 1000m, etter å ha passert første 400m på 69 og 800m på 2.24. Med ein passering på 3.36.5 på 1200m hadde ho krefter til ein fartsauke på siste 300m til mål.

Kontakt
Kalendar