Arego
kw:!support_us

Ny utanlandstur for Tom Erling Kårbø

09.02.2017 |Nils Hetleflåt

På fredag er det ut på ny tur for Tom Erling Kårbø og denne gong går turen til Gent i Belgia. Nok ein gong er det 3000m som skal utfordrast og feltet er meget sterkt, og for Tom Erling sin del vert det størst sannsynleg b-heatet. Totalt er det påmeldt 26 løparar og Tom Erling er meldt på med den 17. beste tida. Målsetjinga er å forbetra tida frå Stockholm, der han sprang på 8,10,95, og sjå om han komme seg under EM kravet på 8,05.

Løpet starter ca kl 22:25 på laurdag kveld. Resultat frå stemnet kan ein finna her: http://www.ifam.be/index.php?option=com_content&view=category&layout=blog&id=53&Itemid=171

Kontakt
Kalendar