Arego
kw:!support_us

Oppsummering av tredje dag på Värdsungdomsspelen 2/7-2017

04.07.2017 |Nils Hetleflåt

Det var tidleg på an i dag for Julian som var oppe kl 06:00  for å få frokost då 80m hekk forsøk var kl 8:30. Noko kjølegare og ein vind på tvers av banen gjorde at forholda veksla ein god del i løpet av dagen. I forsøket så knalla Julian til med dagens beste tid på sterke 11,73 og ny pers med 35 hundredelar. Deretter bar det rett over til høgde kor det var 34 deltakarar påmeldt i P14. Julian gjekk inn i konkurransen på 1,50m og gjekk lekande lett over i første forsøk. Det gjorde han på dei neste høgdene òg og det var først på 1,70m han fekk to rive, men han kom seg over i 3.forsøk. På pers høgde 1,73 m vart det stopp og han vart nr. 4 i konkurransen.

I finalen på 80m hekk hadde Julian den miderste banen og hadde dei sterkaste konkurrentane ved sida av seg. Han fekk ein litt dårleg start og kom bak i starten, men han kom sterkt mot slutten av løpet og han sprang inn til 3.plass med tida 11,63. Ny pers i.gjen

Tone S. Brakedal starta med 100m hekk forsøk, også tidleg for henne med start klokka 9:25. I dette løpet gjorde Tone det beste løpet nokosinne til og med den 8.hekken, men på den 9.hekken landa ho skeivt og kom heilt ut av rytmen. Likevel inn til tida 15,08 som bare var 6 hundredelar bak pers. Det holdt til 10.plass og bare eitt hundredel bak finale plass. 

På 200m på ettermiddagen sprang Tone i det 4 heatet og ho sprang inn til tida 27,09, som holdt til 7.plass i heatet og totalt 38.plass i klassen.

Kontakt