Arego
kw:!support_us

Pernilla Sprang inn til tida 75,11 min på halvmaraton i Venlo

28.03.2018 |Nils Hetleflåt

På søndagens halvmaraton i nederlandske Venlo sprang Pernilla Eugenie Epland inn til den sterke tida 75,11 min og plasserte seg som nr. 8 i kvinneklassen. I det flotte vårværet, som i sterk kontrast til den sterke vinteren som har vore på Vestlandet i år, så gav 13-14 grader og ein svak vind frå nord på 2-3 m/s gode løpsforhold. Totalt var det nær 8000 fullførande løparar, som gjorde det til ein fest i byen kor det var rundt 100000 tilskuarar rundt løypa.

Pernilla opna i eit godt tempo og fann fort ein god løpsrytme og passering første 5 km var gjort unna på 17,24 min. Dei neste 5 km vart gjennomført på 17,45 min og passering av første 10 km var på 35,09 min, bare 20 sek bak persen på 10km. Dette var den lette del av løypa og dei hadde også medvind i denne delen. Løypa returnerte no nordover og dermed vart det motvind dei neste 3 km og frå 13-14 km var den kraftigaste motbakken i løypa. Dette gjorde sitt til at farten dalte litt, men tida vart sterke 18,12 min på denne 5 km. Det gjekk tyngre vidare på ferden enn kva tilfelle var i starten på løpet, men Pernilla holdt den siste 5 km på 18,11 min og passering av 20 km på 71,32. På dei siste 1,0975 km klarte ho å mobilisera og auka farten godt slik at det strekningen vart unnagjort på 3,39 min.

Dete var ny pers for Pernilla med nær 2 min og ho er no inne på topp 30 gjennom alle tider i Noreg.

Video klipp av Pernilla under løpet finn du her: https://evenementen.uitslagen.nl/2018/venloop/ og velg videokamera bak netto resultatet hennes  .

 

Kontakt
Kalendar