Arego
kw:!support_us

Pernilla spring European 10000m cup i London på laurdag 6.juli

04.07.2019 |Nils Hetleflåt

På laurdag er Pernilla Eugenie Epland klar for European 10000m cup i London, saman med 64 andre påmeldte kvinner. Løparane kommer frå  22 uike land i Europa og av dei førehandspåmeldte så er Pernilla rangert som nr 52 ut i frå personlege rekordar. Det er så mange løparar at dei vert seeda i 2 heat og Pernilla skal springa i b-heatet, som har start kl 19.15 lokal tid, dvs 20.15 norsk tid.

Løpet vert stream på følgjande side: https://www.runjumpthrow.com/live/30724/

Ein kan finna alt om meisterskapet på følgjande side: https://www.european-athletics.org/competitions/european-10000-m-cup/

Kontakt
Kalendar