Arego
kw:!support_us

Rapport frå Karmøy maraton 19.november

19.11.2016 |Nils Hetleflåt

Under dagens 4.utgåve av Karmøy maraton, som består av maraton, 1/2-maraton og 10 km samt barneløp, i Kopervik var det fleire utøvarar frå Stord IL-friidrett som stilte opp.

På maraton var det Per Martin Furevik som stod på startstreken og på 10 km var Trym H. Gurigard og Vegard Havn på startstreken. Maraton løpet starta allereie kl 09.30 og under dette løpet fekk deltakarane fleire kalde dusjer i form av regn byger. Av resultatlista kan ein lese at Per Martin kom inn til 2.plass i klassen 45-49 og fekk tida 3,22,04. Totalt vart han nr. 15 av totalt 77 fullførande løparar.

På førehånd av 10 km ønska Trym å få sjå 36 talet medan Vegard ville vere nøgd med ei tid på 38 talet. Ut frå start la Vegard seg like foran Trym, men avstanden dei i mellom var aldri meir enn 50 m, og ved snupunktet halvvegs var det bare meteren som skilde dei. Vegard fekk ei lita luke igjen fram mot 6 km, men Trym kom tilbake og sprang frå Vegard etter ca 7,5 km og han fekk ei lita luke som han holdt inn til mål.

Slutt tidene vart hhv 37,09 min for Trym og 37,19 min for Vegard.. Det gav 4.plass for begge to i sine årsklasser og 8.og 9.plass totalt i løpet. Ny personleg rekord for Vegard og årsbeste for Trym

Resultata finn ein her: http://live.eqtiming.no/23297?focusuid=32022#result:78215-313508-923320-1-1-

 

Kontakt
Kalendar