Arego
kw:!support_us

Resultat European cross country, Middelfart

31.10.2016 |Nils Hetleflåt

Det var stor deltaking i seniorklassen når det første European cross country i Middelfart i Danmark vart arrangert på laurdag 29.oktober. Dette er det første løp i terrengløpsserien i Danmark og totalt var det nær 100 løparar som fullførte det 9 km lange terrengløpet.

Tom Erling Kårbø sprang mot dei beste danske løparane og det var internasjonal deltaking frå både Sverige og Nederland i løpet. Løypa bestod av ein kort runde på 1100m og 5 lange runder på 1700m. Det vart løpt hardt frå start av og Tom Erling klarte ikkje å henga på tet kvintetten som stakk av umiddelbart og vart springande i den andre pulja. Avstanden vart større og større utover i løpet og Tom Erling sprang inn til 7.plass i løpet med tida 31,15 min. Vinnaren frå Sverige kom inn på 29,58 min.

Fullstendig resultatliste: https://www.sportstiming.dk/event/4374/results?round=12916

 

Kontakt
Kalendar