Arego
kw:!support_us

Resultat Fossatrappo opp 22.september

22.09.2018 |Nils Hetleflåt

Årets utgåve av Fossatrappo opp vart arrangert under vindfulle forhold og ca 10-12 grader, med litt drypp frå oven frå tid til anna. Totalt var det 63 løparar som fullførte årets løp og med dei rådande forholda som var og det vêret som har vore i det siste så er det flott. Fordelinga på dei ulika klassane var som følger: 9 løparar i kvinner senior, 6 løparar i kvinner under 15 år,  38 løparar i menn senior og 9 løparar i menn under 15år.

I begge dameklassane vart det satt nye løyperekordar. I seniorklassen sprang Malene Liljedahl Njaastad, IL Gular inn til tida 6,55 min medan i ungdomsklassen under 15 år vart Brittanna Hovda Balchen, Stord IL vinnar med tida 8,21 min. I herreklassen vann Tom Erling Kårbø, Stord IL på tida 5,29 min og var 5 sek bak løyperekorden til Harald kårbø frå 2017 og i menn under 15 år vann Sverre Stautland på tida 7,38 min.

Alle resultat finn ved å trykka her.

Kontakt
Kalendar