Arego
kw:!support_us

Resultat frå Verdsungdomsspelen i Gøteborg 1.-3.juli

04.07.2016 |Nils Hetleflåt

På årets Verdsungdomsspel i Gøteborg var det to utøvarar frå Stord IL-friidrett som hadde tatt turen, Lars Lunde (19) og Tone Sandtorv Brakedal (17). Stemnet starta på fredag 1.juli og var på 3 dagar.

Lars Lunde var i aksjon på fredag på 5000m og han sprang inn til tida 15,24,48, noko som holdt til 11.plass i seniorklassen. I lengde hoppa Tone 5,01 m og plasserte seg med det på 20.plass i kvalifiseringa.

På laurdag var Tone tidleg i aksjon på 100m forsøk og der sprang ho inn til tida 12,87 og vart med det nr. 3 i sitt forsøksheat. Med totalt 12.beste tid gjekk ho vidare til b-finalen seinare på dagen. I b-finalen sprang Tone inn til tida 13,13 og 8.plass. Lars stilte opp i 19-årsklassen på 1500m og her vann han med tida 4,05,15, årsbeste for han, i eit meget jamnt løp.

På søndag var Tone i aksjon på formiddagen på 100m hekk forsøk, og med tida 15,38 kvalifiserte ho seg til finalen. I finalen vart det 15,20 og ho plasserte seg som nr. 8 i løpet. I tresteg vart resultatet 9,90m og med det plasserte ho seg Lars Lunde sprang 800m i a-heatet og etter ein god første runde på ca 56, 5 vart det nærast stopp etter 550m og han kom i mål på tida 2,04,49 og det gav han 33.plass i 19-årsklassen.

Kontakt
Kalendar