Arego
kw:!support_us

Resultat NM terrengløp kort løype Osterøy 7.april 2018

08.04.2018 |Nils Hetleflåt

Når me kom til Mjeldalen på Haus på Osterøy så var det ei fin ramme som møtte oss til dette NM i terrengløp. Løypene var gode og oversiktlege, underlaget var jamnt men sugande og sjølv vêret var godt, temperatur opp mot 14 grader viser at våren er like om hjørna.

Først i aksjon av Stord løparane var Erlend Kringeland i G-15 som skulle springa 2 rundar a 1 km, med andre ord 2 km. Det var 9 gutar på plass då startskotet vart fyrt av og Erlend la seg litt avventande i feltet frå start av. Han jobba seg jamnt og trutt framover i feltet og ved passering 1 km var han på 4.plass. Denne plassen holdt han til mål og han var godt fornøgd med løpet sitt.

Max Bloch sprang i G-16 og det var det største feltet på guttesida denne helga. Desse sprang og 2 km og Max la seg i den bakre delen av det store feltet. Han sprang litt over terskelen på den første runden og fekk det atskilleleg tyngre på den andre runden og han kom inn til 15.plass i klassen.

Pernilla Eugenie Epland stilte i kvinneklassen som denne gong telte heile 23 utøvarar, noko som var svært gledeleg. På den første runden var det ingen som verkeleg turte å setja fart i feltet og ved passering var det svært jamnt mellom dei 6 første løparane. Tidleg ut på den andre runden var farten skrudd i vêret og det vart ein trio som stakk avgarde, medan Pernilla vart liggjande nokre sekund på etterskot. Ho sprang inn til 4.plass, 2,5 sek bak bronsen og ho var ikkje heilt nøgd etter målpassering.

I seniorklassen hadde Stord IL med 2 løparar, Vegard Havn og Kim Berland Laitinen, og dei skulle springa 3 km i det det 23 manns store feltet. Farten var stor ut frå start og Vegard og Kim la seg i bakre del på feltet. Ved passering etter første runde var Vegard på 16.plass og Kim låg nokre plassar lengre bak. På den andre runden hlodt stillinga seg og Vegard låg framleis på 16.plass medan Kim trakk seg frå vidare løping. På den tredje runden fekk Vegard kjenne det skikkeleg og fall tilbake til 19.plass, men dette var eit sterkt løp. Det vert spennande å følga med på det kan halde til når ein kommer til banesesongen.

I menn veteran 35-39 år var det Johannes Thomsen som var i aksjon og han la seg som nr 4 i løpet ved passering 1 km og i løpet av dei to neste rundane avanserte han til tredje plass i mål. Det resulterte i ein sølvmedalje sidan det var tre ulike klassar som sprang i lag og dermed første NM medalje for Johannes.

For alle resultat kan ein gå inn på følgjande link: http://live.eqtiming.com/42310

 

 

Kontakt