Arego
kw:!support_us

Resultat NM terrengløp lang løype på Ekeberg 17.oktober

18.10.2015 |Nils Hetleflåt

Det var ein flott haustdag som møtte løparane og tilskuarane på Ekeberg laurdag 17.oktober når NM terrengløp lang løype vart avvikla. Sola skinte frå ein tilnærma skyfri himmel og temperaturen steig utover dagen. DEt var ei kravande rundløypa på 1250 som møtte løparane og den skilte kraftig.

Første Stord løpar i aksjon var Ole Christer Kvellestad i G15 i den 4 km lange løypa. Han fekk tidleg sting som plaga han under løpet, men han sprang inn til ein flott 9.plass i klassen sin. 

I herreklassen som talte over 50 påmeldte løparar var Tom Erling Kårbø Stord sin einaste løpar. I det 10 km lange løpet var det stor fart frå start av og tidleg vart det eit tetfelt beståande av 5 løparar og Tom Erling låg i gruppe lengre bak. Det var tydeleg at farten var litt for høg i teten og sakte men sikkert kom Henrik Ingebrigtsen i kontakt med leiaren når det bare var 200m igjen til mål og han vann enkelt. Tom Erling jobba seg opp frå ein 15.plass til 9.plass totalt i løpet. Han var godt fornøgd med løpet sitt og gjennomføringa av det.

I juniorklassen var det Lars Lunde som skulle forsvare Stord sine farger i det 6,5 km lange løpet. Han var med tettrioen gjennom dei to første rundane av i alt 5 rundar, men då vart det for hardt. Han kom i mål på 6.plass og var godt fornøgd med sin gjennomføring av løpet.

Alle resultat: http://www.nmterreng2015.no/

 

Kontakt
Kalendar