Arego
kw:!support_us

Seier til Julian S. Aasheim på første dag av Tyrvinglekene

15.06.2018 |Nils Hetleflåt

Stord utøvarane med gode resultat på første dag av Tyrvinglekene. Stemnet var prega av at det var ein sjenerande vind på banen noko som gjekk spesielt ut over dei lange løpa, medan denne vinden gjorde at mange av sprintløpa vart underkjent.

Julian S. Aasheim innleia dagen med seier på 300m hekk med tida 40,51 i G15 og ein seiersmargin på 2,4 sekund. Jacob sprang inn til 3.plass på 200m i G17 med tida 22,85, men vindmålaran viste +4,4m/s og dermed må resultatet underkjennast. Erlend Kringeland sprang inn til ny personleg rekord med over 5 sekund på 2000m då han kom inn på tida 6,15,89 i G15 og det gav 9.plass i klassen. Pernilla E. Epland sprang ein god 3000m og sprang inn til ny pers med tida 9,30,89 og det gav 4.plass i kvinneklassen. Dette er samtidig ein forbetring av klubbrekorden med 2,5 sekund og det var Pernilla som hadde den gamle rekorden og. Vegard Havn sprang inn til tida 9,24,16 på sin 3000m og det gav 22.plass i b-heatet og totalt 41.plass av alle fullførande på distansen.

Alle resultat fin ein her http://webres1.andro.no/tyrvinglekene/2018/

 

Kontakt
Kalendar