Arego
kw:!support_us

Seier til Tom Erling Kårbø på European team championship i Sandnes 11.august

18.08.2019 |Nils Hetleflåt

Under European team championship first league i Sandnes 9.-11.8 vann Tom Erling Kårbø 3000m hinder med tida 8,52,00. Han låg saman med feltet dei første 2200m, kor første 1000m vart passert på 3.01 og 2000m på 5,59, før han auka farten og drog sakte men sikkert i frå. På nest siste vanngrav passering auka han farten ytterligare og luka vaks, men på første hinder etter passering 2600m toucha han med kneet og gjorde ei kollbøtte. Feltet kom på han men han hadde framleis ei luka på 10m og den auka han raskt att, og han vann med nær 2 sekund.

Etter løpet fekk han tydelege smerter i kneet og det vart levert krykker til han for å avlaste mest mogeleg. Slaget som han fekk i kneet gjorde at han måtte stå over det planlagte løpet i Gøteborg 16.august.

Kontakt
Kalendar