Arego
kw:!support_us

Sølv til Pernilla E. Epland på halvmaraton i Oslo

16.09.2017 |Nils Hetleflåt

Det var flotte forhold som møtte løparane under dagens Oslo maraton, og våre løparar visste å utnytta dette til sin fordel. Det var totalt 7546 startande på halvmaraton som og hadde status som NM.

Pernilla E.Epland var nemnt som medaljekandidat før start og ho skuffa ikkje desse uttalelsane. Som vanleg opna ho hardt, men la seg likevel eit lite stykke bak Karoline H. Kyte frå Førde IL og når me såg damene i tv ruta etter 3 km var det nemnte Karoline som var først. Ved passering 5 km var Pernilla oppe på 3.plass bare 9 sek tet duoen Karoline og Runa S. Falch og ho passerte på 18,00 min. Nedover dei neste km rulla Pernilla inn tetduoen og dermed vart det danna ein trio. Dei viste tet trioen i tv ruta fleire gonger her og ein kunne sjå at Pernilla var aktiv i gruppa. Ved passering 10 km var det Runa og vår eiga Pernilla som passerte først på sterke 35,49 min, bare 9 sek tida som Pernilla sprang 10000m på iNM i Sandnes, så ingen kan seie at ho ikkje satsa. Dei to sprang jamnt hardt fram til 15 km og då hadde Runa reve til seg eit lite overtak og passerte 6 sek foran Pernilla som på si sida hadde 23 sek til Karoline. Det tyngste partiet i årets halvmaraton gjenstod og sjølv om Pernilla måtte sleppa Karoline inn i ryggen sin på desse 5 km frå 15 til 20 km var ho  relativ lett i kroppen. På dei siste 1,1 km sette ho inn støtet og fekk seg ei luka på 13 sek til Karoline. Med sluttida 1:17:04 var ho 34 sek bak Runa og satte personleg beste notering med over 4 min.

Etter løpet sa ho at det gjekk veldig bra og ho var godt fornøgd med gjennomføringa av løpet sitt. Ho var fast bestemt på å ta sølvet då Karoline fekk kontakt i sluttfasen av løpet og hadde krefter til ei god avslutning.

Jacob Hystad sprang eit jamnt og godt gjennomført løp, men han vart springande mykje åleina og fekk ikkje så mykje hjelp av andre løparar. Men støtten frå publikum var stor og dette bar han fram gjennom Oslo sine gater. Han sprang jamnt og passerte 5 km på 17,03 min, 10 km på 33,51 min og 15 km på 51,08 min. Han fekk det og tyngre i det tyngste partiet i løypa samt at det evinnelege problemet som Jacob har på lange løp dukka opp med 4 km at til mål, nemleg sting i sida. Dermed måtte tempoet senkast noko og dette gjorde nok sitt at han ikkje sprang inn til ny pers, men enda 11 sek bak etter å ha sprunge i mål på tida 1:13:09.

Kontakt
Kalendar