Arego
kw:!support_us

Sterk opning på 3000m hinder for Tom Erling Kårbø på Paavo Nurmi Games

12.06.2019 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø gjorde sin årsdebut på 3000m hinder i finske Åbo på tysdag under worid challenge stemnet Paavo Nurmi Games. Det var eit felt på 12 løparar som viste seg fram for over 13000 tilskuarar på tribunen og det var brukbare forhold, rundt 21 grader og ein vindstyrke på ca 3 m/s på banen. Stemnet vart kringkasta til over 100 land og vart vist på Eurosport.

Det vart satt høg frå fart av og Tom Erling la seg bak på halen av feltet. Etter ca 3 rundar vart det ei luke frå feltet og ned til duoen Kaur Kivistik, Estland og Tom Erling. Den auka utover i løpet og ved målplassering kom Tom Erling inn på tida 8,34,20 og det holdt til 7.plass.

Etter løpet oppsummerte han med at det hadde vore ein del dårlege passeringar og at formen ikkje var betre i dag.

Kontakt
Kalendar