Arego
kw:!support_us

Sterke Stord resultat på Karabinlekene på Fana stadion

12.05.2018 |Nils Hetleflåt

Under helgas Karabinleker på Fana stadion har Stord utøvarane levert mange sterke resultat og personlege rekordar.

Fredag 11.mai innleia Julian Skimmeland Aasheim (15) på 300m hekk med det sterke resultatet 39,63 som er det tredje beste gjennom tidene i Noreg og han vann med over 4 sekund. I høgde forbetra han sin personlege rekord frå 1,76 til 1,81 m og han vann med 18 cm. Ariel Christensen (13) vann 60m med ny personleg rekord på tida 8,61 og forbetra seg frå 8,70. Ho var 3 hundredelar føre nummer to. Erlend Kringeland (15) sprang inn til 2.plass på 2000m med tida 6,24,93 og med det så kvalifiserte han seg til UM i friidrett som går av stabelen på Overhalla den første helga i september.

 

 

 

 

 

 

 

Laurdag 12.mai var Sofie Skard (14) første Stord utøvar på 60m hekk og ho sprang inn til tida 10,10 som gav 2.plass og ny pers med 0,23 sekund. Ho fortsatte i høgde kor ho hoppa over 1,54 m som er ny pers med 3 cm og seier i klassen. Julian Skimmeland Aasheim (15) stilte til start på 100m hekk og han vann distansen med 3 tidelar og kom inn på tida 14,04 sek som er ny pers med 27 hundredelar. Jacob Vaula (17) sprang inn til tida 11,19 på 100m men dessverre så viste vindmålaran +2,2 som er over det tillate for å få godkjent som ny pers. Julian (15) vann 100m i sin klasse med den gode tida 11,84, som er ny pers med 0,51 sekund. Jacob si tid i det første 100m løpet holdt til å komma til superfinalen i dette løpet kom han inn på tda 11,37 og det gav 5.plass i løpet. Sofie avslutta Stord sine resultat denne laurdagen med 21,06m i spyd som holdt til 4.plass i konkurransen og det er ny personleg rekord.

På søndag 13.mai var Jacob Vaula einsleg svale frå Stord og på 200m kom han inn på tida 23,30 i 17-årsklassen og det holdt til 2.plass i klassen.

Kontakt