Arego
kw:!support_us

Stord utøvarane følger opp på andre dag i Tyrvinglekene 2017

18.06.2017 |Nils Hetleflåt

Mange sterke resultat av utøvarane frå Stord på andre dag av Tyrvinglekene 2017. Nok ein dag med flott temperatur og fint vêr på Nadderud.

Tone S. Brakedal var først i aksjon på 100m hekk, og etter ein litt dårleg start kom ho sterkt mot slutten av løpet. Tida vart 15,43 og det holdt til 2.plass i heatet og 6.plass totalt i klassen.

På 60m forsøk i G-14, sprang Erlend Kringeland i heat 4 og han kom inn på tida 8,34 som er under persen hans, men vinden var over det tillatte og det holdt til 4.plass i heatet. Julian S. Aasheim sprang i heat 5 og no var det ein svak motvind, men det hadde ingen innverknad på han og han vann heatet og sprang for første gong under 8 sekund i karrieren med tida 7,88. I finalen seinare på dagen sprang Julian inn til delt 4.plass med tida 7,91.

På 200m fekk Jacob Vaula i G-16 fine forhold og det viste igjen på sluttida då klokka stoppa på 22,84. Det holdt til 2.plass i klassen og ny pers med 23 hundredelar.

Julian var klar favoritt på 200m hekk, der han har norske bestenotering for 13 åringar og han skuffa ikkje. Han fossa inn til tida 27,50 og ny pers med 84 hundredelar og klar seier.

På laurdagskvelden vart Norwegian Grand Prix arrangert på Nadderud og her sprang Jacob Vaula 100m i seniorklassen. I c-heatet sprang inn til tida 11,29 og vart nr 5. I lengdesprang for kvinner vart Tone S. Brakedal nr 7 med resultatet 5,14m.

 

 

Kontakt