Arego
kw:!support_us

Stord utøvarar klar for Trond Mohn Games på Fana stadion onsdag 22.mai

20.05.2019 |Nils Hetleflåt

På onsdag er det klart for den andre utgava av Trond Mohn Games på Fana stadion med mange store stjerner blant anna team Ingebrigtsen. Frå Stord IL-friidrett har følgjande utøvarar fått klarsignal til hovudstemnet:

Jacob Vaula - 100m; Tom Erling Kårbø - 3000m; Lars Lunde - 3000m; Pernilla Eugenie Epland - 1500m.

Stord utøvarane skal i aksjon på følgjande tidspunkt: 

18:20 Jacob

19:30 Pernilla

20:00 Tom Erling og Lars

Det er størst media interesse rundt 3000m menn der både Filip og Henrik Ingebrigtsen skal springa, og det er eit sterkt felt Tom Erling og Lars skal få bryna seg på. Dei fleste løparane i feltet har ein pers på under 8,00 min på distansen og med perser på 8,02 for Tom Erling og 8,18 for Lars så gjeld det å henga med så lenge som mogeleg og satsa på at dei kommer under sine persar. Tom Erling har eit mål om å klare å springa under 8,00 min og i dette feltet har han alle mogelegheitar.

Pernilla skal ut i eit meget skarpt 1500m felt som består av 12 løparar, der 5 av løparane har ei tid på under 4,10 min. Mange av dei beste norske som skal springa i dette feltet har ei tid kring persen til Pernilla slik at ho skal ha mogelegheit til å hevda seg.

For Jacob, som skal springa 100m , er dette første løpet etter at han fekk strekken i vinter og det vert dermed spennande å sjå korleis formen hans er på noverande tidspunkt.

Jacob Ingebrigtsen spring 1500m kl 19:40 og har mange auge retta mot seg for å sjå korleis han ligg an foran sesongen.

Stemnet vert sendt/streama på Amedia. sendinga startar kl 16:00 med forøvelsar og sjølve hovudstemnet startar kl 18:00.

All informasjon om stemnet finn på www.trondmohngames.no

Kontakt
Kalendar