Arego
kw:!support_us

Tinestafetten 2016

11.05.2016 |Nils Hetleflåt

Årets Tinestafett vart avvikla i eit flott solskinnsvêr på Stord stadion og totalt var det 69 påmeldte lag. Med 8 løparar på kvart lag samt 2 reserver og lagleiar samt heiagjenger var det nær 1000 personar på området denne tysdag formiddag. God stemning var det på tribunen og kvart lag fekk utdelt Tine produkter.

I 6.klasse var det 3 heat og total vinnar vart Rimbareid barne- og ungdomsskule 6a lag 1 med tida 4,26,5.

I 7.klasse var det Lerivik skule 7 lag 1 som vann med tida 4,03,0, og også her var det 3 heat med totalt 19 lag.

I 8.klasse var det Stord ungdomsskule 8 e som vann med tida 4,01,6 og i 9.klasse var det Nordbygdo ungdomsskule som vann med tida 3,57,4.

Her finn du alle resultata:

Kontakt
Kalendar