Arego
kw:!support_us

To lutøvarar frå Stord IL-friidrett skal representera Noreg i den nordiske innandørslandskampen 11.februar

05.02.2018 |Nils Hetleflåt

I dag kom den gledelege beskjeden om at både Tom Erling Kårbø og Pernilla Eugenie Epland skal representera Noreg i den nordiske innandørslandskampen til helga. Tom Erling skal springa 1500m, medan Pernilla skal springa 3000m. Dette er 3.gong Tom Erling representerer Noreg på denne landskampen, medan Pernilla får sin debut.

Dette er ein tradisjonell landskamp mellom Sverige, Finland, Danmark/Island og Noreg og vert i år arrangert i Uppsala på søndag 11.februar. Alt om landskampen finn ein på følgjande side: www.nordenkampen.se

Tidsskjema seier at Pernilla skal springa 3000m kl 14:25 og Tom Erling spring 1500m kl 16.30.

Heile stemnet vert streama på heimesida til arrangementet.

 

Kontakt
Kalendar