Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø spring testløp i Sedoma i Arizona i dag

16.11.2017 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø oppheld seg for tida på treningsleir i høgda, ca 2000 moh i Flagstaff i Arizona i USA. Han reiste over Atlanterhavet saman med familien Ingebrigtsen sine topp løparar, Henrik, Filip og Jakob den 22.oktober og skal oppholda seg i høgda fram til 19.november.

I dag skal han ha eit avbrekk i den daglege treningsrutinen som har prega det snart 4 veker lange treningsopphaldet, då han skal springa eit testløp på 8 km saman med 4 andre norske løparar. Dette testløpet er eit uttakingsløp til EM i terrengløp som vert arrangert i den slovenske byen Samorin 10.desember. Minimum 2 av desse 5 løparane vert tekne ut etter testløpet saman med dei to førehandsuttekne løparane Henrik og Filip Ingebrigtsen.

Løpet vert streama på facebook sida til norsk friidrett. Sjekk innom her, løpet skal gå lokal tid ca kl 12:00 og det er 9 timar tidsskilnad til Noreg.

Kontakt
Kalendar