Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø vann NMC på Bislett onsdag 16.september

17.09.2015 |Nils Hetleflåt

Under kveldens stemne, Norwegian Milers Club, på Bislett vann Tom Erling Kårbø 5000m på 14,34,54. Han var 6 tidelar føre nr 2 i løpet.

Etter løpet forklarte han at det var eit veldig kontrollert løp der det vart løpt progressivt og han sprang fram i tet når det var 3 runder igjen av løpet. Han vart forbiløpt ved passering 2 rundar føre målgang, men ein god avslutning på siste 300m gjorde at han vann.

Neste konkurranse for Tom Erling vert Mosvannsløpet i Stavanger neste onsdag, før han setter seg på flyet med kurs for Font Romeu i Frankrike og høgdetrening dei første 16 dagane av oktober. 

Kontakt
Kalendar