Arego
kw:!support_us

Generell informasjon

OM ARRANGEMENTET:

 

Stord IL-Friidrett ønsker med arrangementet Tour de Stord å sjå kven som er den sterkaste løparen når det er prolog, jaktstart og motbakkeløp over 2 dagar. Det er senior og junior klasser for menn og kvinner og dei som får den beste samanlagt tida for desse tre løpa er vinnarar. Veteran løparane får omrekna tidene dei oppnår i kvart løp ved hjelp av ein faktor i IAAF veterantabellen slik at dei er jamstilt med seniorklassen.

Her er plakaten for løpet:

Laurdag 20.mai kl 10:00 er det prolog på 1,5 km på Heiane kor starten er ved KIWI butikken og målgang ved COOP inngangen på Heiane Storsenter. Løypa går på asfalt og er flat med mange hjørner å passere. Startintervall mellom løparane er på 30 sek..

Laurdag 20.mai på ettermiddagen kl 14:00 er det jaktstart i sentrum på 3,2 km, med start på parkeringsplassen til AMFI senteret kor ein spring 2 rundar opp Kjøtteinsvegen og ned Nydalen tilbake til AMFI før ein spring ein runde i sentrum før målgang ved Bakeriet Frugård. Vinnaren av løpet på laurdag føremiddag startar først og deretter startar ein med differansen som var etter etter første løp. Det vert ein felles start 2 min etter første løpar for alle løparar som var meir enn 2 min bak vinnaren . Første mann i mål vert vinnaren av løpet.

 

Søndag 21.mai med start kl 14 er det klart for det 3.løpet som er Stord rett opp, som er 5 km, og her er det felles start . Start er ved Lundssæter kraftstasjon og målgang på Kattnakken og ein spring utan sekk. Løypebeskrivelse finn ein på linken for Stord rett opp.

Første løpar til topps er vinnar av løpet.

Sjekk www.tourdestord.no

Påmeldingsfrist: Torsdag 18.mai

 

Startkontingent: 500,- for alle 3 løpene (200,- for enkelt løp)

 

Bankkonto: 3520.55.71831

 

Klasser: Menn senior, kvinner senior, menn junior og kvinner junior.

Kontakt
Kalendar