Stordløpet
07.09.2014-15:00Søndag 7.septemer vert Stordløpet arrangert for 37.gong. Start og mål er på Stord stadion, og ein kan velga mellom to ulike løypelengder. Lang løypa er på vel 12 km, medan kortløypa er på 6 km. I tillegg har me barneløpet som går i området rundt Stord stadion og er på ca 1 km.
Det er to klasser: -turklasse (som er utan tidtaking) har start mellom kl 10:00 og 12:30 og mosjonsklasse (løp på tid) som startar kl 13:00.
Barneløpet startar kl 12:30.
Stordløpet er eit tradisjonelt løp som i dei første åra starta på Grov og hadde målgang åp Vabakkjen, men i 1985 flytte friidrettsgruppa løpet til Stord stadion og laga løypa i Landåsen. Den lengste løypa på 12 km går for det meste på skogsvegar og stiar, medan den korte løypa på 6 km har grusunderlag. Begge løypene har ein runde på stadion og asfalt tli og frå inngangen til Landåsen.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no