Arego
kw:!support_us

2.plass på Tom Erling Kårbø og 5.plass på Pernilla Epland i Nordenlandskampen

11.02.2018 |Nils Hetleflåt

Det vart suksess for begge Stord løparane i Nordenlandskampen i Uppsala i Sverige i dag.

Først i aksjon var Pernilla på 3000m og her var det bestilt eit høgt opningstempo av den finske favoritten, Camilla Richardsson. Pernilla klarte å henga med ca 1000m, som ho passerte på 3,06, men då vart det ei luke fram til tet kvartetten og Pernilla vart liggjande åleina resten av løpet. Ho kom i mål på tida 9,29,24 min og satte ny personleg rekord med 1,34 sekund og kom på 5.plass.

Tom Erling sprang 1500m og kom i mål som nr 2 med tida 3,48,91, som var ny pers med 11 hundredelar. Eit litt rotete oppløp av Tom Erling, der han måtte "stoppa" opp for å gå rundt ein løpar med bare 30m igjen til mål, gjorde at han ikkje klarte å vinna dette løpet , då han slutta bare 22 hundredelar bak vinnaren.

Kontakt
Kalendar