Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø har starta sesongen i USA

16.04.2016 |Nils Hetleflåt

Harald Kårbø har vore med i 2 stemner i USA.

Søndag 3.april sprang han 3000m på tida 8,58,49 i Vance Butler Invitational i Sioux Falls og vart nr. 2 i løpet. Dette var første løpet til Harald på 4 månadar etter at han har slitt med ein hamstring og han tok løpet kun som ein gjennomkjøring. Han kjente ingen ting til skaden sin og var godt fornøgd med det.

Fredag 15.april deltok han på 3000m hinder i Mt. Sac Relays i Los Angeles. Dette stemnet har mange verdskjende utøvarar med, men ingen av dei sprang hinder. Harald sprang i heat 2 på dette stemnet og heatet bestod av 18 løparar. Dessverre for Harald så kom han i ubalanse etter det 2.hinderet (etter ca 300m) etter å trakka på lista  og slo kollbøtte og hamna på indre bane. Dermed var han 30 meter bak feltet når han kom i gong igjen. Ved 1400m hadde han henta inn feltet at, men låg bakerst i feltet. Han kom aldri fram i feltet etter å ha brukt mykje krefter på å henta igjen feltet, men ved målpassering var han nr.10 og tida var 9,01,36. Eit sterkt løp av Harald og utan uhellet ville han nok ha vore med å kjempa om sigeren i løpet, kor vinnaren sprang på 8,54,75.

På laurdag 16.april var Harald i aksjon igjen på 1500m i stemnet Beach Invitational i Los Angeles. Det var tydeleg at løpet frå dagen i førevegen fortsatt kjentes i beina for slutt tida vart 4,09,87 og med det vart han nr 96 i løpet

 

Kontakt
Kalendar