Arego
kw:!support_us

Kretskamp i Byrkjelo og Boysen memorial på Bislett

26.06.2016 |Nils Hetleflåt

To stordabuar har vore ute og representert Stord IL-friidrett i løpet av denne helga, Lars Lunde og Julian Skimmeland Aasheim.

På fredag var Lars Lunde i Oslo og sprang 5000m på Boysen Memorial på Bislett stadion. Det var eit stort felt med løparar som stilte opp på startstreken når klokka viste 18:20. Med to harer i tillegg 23 løparar vart det trangt i starten, men farten var såpass stor frå start av at det vart ingen problem for løpararane. Lars fekk det tungt etter ca 2800m og måtte då sleppa feltet som han låg i og vart etter dette springande for det meste åleine. Sluttida vart 15,04,80 og det holdt til 15.plass.

Under kretskampen i Byrkjelo mellom Sogn og Fjordane og Hordaland for 13- og 14 åringar var det Julian Skimmeland Aasheim (13) som Stord sin utøvar. Han deltok på 60m og høgde laurdag og det endte med 2 førsteplasser me resultaten 8,18 og 1,55m i høgde. På søndag var han i aksjon på 60m hekk og lengde og det endte med to nye førsteplasser, resultata vart 9,68s på hekkeløpet og 5,22m i lengde. Alle resultata er like bak hans personlege rekordar i dei ulike øvingane.

Kontakt
Kalendar