Arego
kw:!support_us

NM gull til Tom Erling Kårbø

12.09.2021 |Nils Hetleflåt

NM for senior vert arrangert arrangert i Kristiansand frå 10.-12.september og Tom Erling Kårbø sprang inn til gull på 3000m hinder på laurdag 11.september. Det skjedde ikkje utan dramatikk, då han som leia løpet snubla i siste hinderet på nest siste runde og Tom Erling nytta høvet til å springa forbi. Før det hadde dei to (Fredrik Sandvik og Tom ErlingKårbø) følgt kvarandre på dei første 4 rundane, medan Fredrik tok iniativet etter dette og haddde ei luka på ca 25 m då han var uheldig og snubla. Dermed sprang Tom Erling inn til sin sjette siger på 3000m hinder i NM samanheng og satte samtidig ny banerekord på Kristiansand stadion med tida 8.33.06. Etter å ha vore på sidelina i nær 23 månadar med ulike skadar smakte det godt med siger og ei god tid for Tom Erling. 

Allereie tysdag er han i aksjon igjen, då han er kvalifisert til å springa 3000m hinder i Zagreb. Dette er eit continental gold stemne, som har A status på rankingen til IAAF og som gir særs gode rankingpoeng dersom din plasserer seg blant dei 8 beste.

På fredag 10,september var Pernilla Eugenie Epland først i aksjon av Stord sine utøvarar på 5000m. Ho har slitt lenge med ein skade og var ikkje i sin beste form, men vart liggjande i ei pulje som sprang til ei sluttid til rundt 16,55. Ho fekk tatt ut alt og vart så stiv i beina at 20 m før mål gjekk ho på nasa i banedekket. Ho reiste seg opp att og kom i mål på tida 16,59,69 og 11.plass i heatet.

På 5000m for menn sprang Lars Lunde i heat 1 og i det 20 manns store feltet låg han heile tida i pulje 2 som sprang jamne runder på vel 71 sekund og han passerte 3000m på ca 8,55. Tempoet vart skrudd opp på dei siste 2 kilometrane og han sprang inn til tida 14,41,16, som gav 6.plass i heatet og totalt 19.plass på distansen.

Kontakt
Kalendar