Arego
kw:!support_us

NM sølv til Kim Berland Laitinen på 100km på Undheim

17.03.2018 |Nils Hetleflåt

På dagens NM 100km på Undheim sprang Kim Berland Laitinen inn til sølvmedalje  med tida 8t18min51sek. Han var over 1time bak vinnaren, medan han var 24 sekund foran bronsevinnaren. Stig Helge Westerheim sprang inn til 7.plass i løpet med tida 9;08,39.

Kim opna friskt på løpet, som starta kl 07:00 på morgonen med nærare 10 minus grader, og han passerte første 10 km på 46,29 min. Han passerte som nr 3 i løpet på dette tidspunktet og han fortsatte ufortrødent vidare i samme tempo på dei neste 10 km som gjekk unna på 46,28 min. Tydeleg at  Kim hadde dagen i dag og dei neste 10 km gjekk unna på 45,07 min og passering 2:18,04 på 30 km. Frå 30 til 40 km gjekk det enda fortare og denne 10 km gjekk unna på 44,43 min. Fortsatt ingen teikn til svakhetspunkt og den neste mila opp til 50 km gjekk unna på 45,11 min og passering halvvegs på sterke 3:47,58 og framleis 3.plass i løpet. Det byrja å kjennast i beina og frå 50 til 60 km spratt tida opp i 48,38 min, men framleis godt under 5 min/km. Ved 64 km braut løparen som låg på 2.plass og Kim rykka dermed opp ein plassering. På denne mila fram til 70 km fekk Kim for alvor smaka smertene som kom i beina og denne 10 km gjekk på 57,24 min. Løparen på 3.plass byrja å nærma seg Kim og låg 6,51 min bak. Når neste 10 km vart gjennomført på 60,24 min var Kim nede på 3.plass i løpet, 1,49 min bak sølvplass.

Ved passering 90 km var Kim framleis på bronseplass, 1,22 min bak sølvplass, men denne mila hadde gått unna på 52,53 min og han hadde henta seg inn att. På den siste mina som gjekk unna på 51,16 min sprang Kim seg opp på sølvplass og kom inn på tida 8;18,51.

Gratulera til Kim og Stig Helge for godt gjennomførte løp.

Alle resultat med mellomtider finn ein her: http://live.eqtiming.com/40007?focusuid=#result:145389-0-1023529-1-1-

 

Kontakt
Kalendar