Arego
kw:!support_us

Rapport frå 3-sjøarsløpet i Stavanger

05.11.2016 |Nils Hetleflåt

I dag 5.november gjekk det tradisjonelle 3-sjøersløpet, som er eit halvmaraton løp, av stabelen i Stavanger med GTI-friidrett som arrangør. Frå Stord IL-friidrett var det 3 løparar som stilte til start og det var Pernilla E. Epland, Oddmund Roalkvam og Arne Jordåen. Totalt var det nær 3000 påmeldte løparar og det var fleire frå Stord enn dei 3 frå klubben.

Pernilla og Arne gjekk forholdsvis hardt ut, medan Oddmund tok det litt rolegare dei første kilometrane. Ved passering 4,5 km var Pernilla først av dei med tida 15,52 min, føre Arne på 15,53 og Oddmund på 16,26 min. Ved den neste passeringa som er oppgitt på 11,5 km var Pernilla framme på punktet på tida 43,13 min, Arne på 43,20 min og Oddmund på 44,04 min. Neste offisielle passeringspunkt var på 16,2 km og Pernilla kom fram til punktet på 62,05, Oddmund på 63,11 og Arne på 64,16.

Ved målpassering kom Pernilla inn på tida 81,09 min og det gav 2.plass i kvinneklassen og samtidig er det ny personnleg rekord med over 1 min. I ikkje optimale vêrforhold , kor ein hadde ein litt sur vind og kjølege forhold, men  der ein slapp unna nedbøren var dette eit flott steg framover for Pernilla. Etter løpet kunne ho fortella om at ho passerte 10 km på ny pers då klokka viste 37,27 min.

Oddmund sprang inn til tida 82,08 min og han vann dermed sin klasse som er 55-59 år. Arne Sprang inn til tida 84,08 min, som er ny personleg rekord med over 2 min, og han sin årsklasse 16-17 år.

Fullstendig resultatliste finn du på: http://3sjoers.no/resultater/

 

Kontakt
Kalendar