Arego
kw:!support_us

Rapport frå Audun Boysen Memorial på Bislett 2.august

04.08.2014 |Nils Hetleflåt

På det tredje elitestemnet for sesongen i Noreg var det 3 utøvarar frå Stord IL-friidrett som stilte til start på 1500m. I a-heatet var det brødrene Kårbø, medan Lars Lunde vart plassert i b-heatet. Lars var først i aksjon og han la seg som som nr 4 i feltet etter passering 300m, som inneholdt 16 løparar. Denne plasseringa holdt han fram til vel 1200m då han la inn spurten sin og gjekk i tet inn i siste sving. På oppløpssida vart han passert av ein løpar og dermed 2.plass i heatet på tida 3,57,37. Eit sterkt løp av Lars.

I a-heatet var det lagt opp til stor fart for å sjå om dei kunne få kvalifisert nokon til b-kravet til EM. Ved passering 300m låg Harald som nr.9 og Tom Erling sist i feltet som bestod av 12 løparar. Tom Erling avanserte nokre plasser etter ca 450m, medan Harald kom bakerst i feltet. Ved passering 700m passerte Tom Erling på 1,46,4 medan Harald hadde gitt ei luke til feltet. Ved utgangen av svingen etter 1000m passerte Tom Erling to løparar til og med sin gode avslutning dei siste 250m sprang han inn til 3.plass med tida 3,45,46 og ny pers. Harald hadde ikkje dagen og kom inn til tida 3,57,97.

Kontakt
Kalendar