Arego
kw:!support_us

REsultat sentrumsstafetten 6.april 2019

07.04.2019 |Nils Hetleflåt

Dagens sentrumsstafett vart avvikla under flotte forhold med sol frå strålande himmel og ein temperatur på rundt 15 grader. Totalt 38 lag frå 4.-7.klasse møtte opp frå skulane på Rommetveit, Hystad, Leirvik, Langeland, Tjødnalio og Øvrebygda.

Tettast duell om seieren var det i 4.klasse kor det bare skilde 1 hundredel mellom dei to laga frå Leirvik skule 4b 1-lag og Tjødnalio skule 4.klasse sitt 1-lag, kor Leirvik sitt lag stakk av med seieren. I 5.klasse vart det dobbelt Rommetveit skule der 2-laget vann føre 1-laget. Rommetveit skule vann og i 6.klasse føre Tjødnalio skule sitt 1-lag. For 7.klasse var det LEirvik skule 7b 1-lag som stakk av med seieren føre Leirvik skule 7a.

Alle vinnarlaga vann pizza til klassen sin, som vil verte levert ved eit seinare høve. Alle deltakarane fekk is i deltakarpremie levert av Sentrumsforeningen og Amfi Senter

Resultata finn du ved å trykka her.

Kontakt
Kalendar