Arego
kw:!support_us

Resultat Warandeloop 25.november

29.11.2018 |Nils Hetleflåt

Søndag 25.november var Pernilla E. Epland i den nederlandske byen Tilburg og sprang det tradisjonsrike terrengløpet Warandeloop, som er 8300m. I eit sterkt internasjonalt felt sprang Pernilla inn til 22.plass med tida 29,17 min, der vinnaren var sveitsiske Fabienne Schlumpf med tida 26,37 min.

Pernilla følte at ho ikkje beherska denne løypa der 60% av løpet gjekk på sand underlag og ho vart springande å "grave" seg ned i sanden i stadenfor å klara å flyta oppe på sanden. Som ho sa etter målgang: "Eg er jo ikkje sliten eingong, men eg beherska ikkje underlaget".

Alle resultat frå løpet finn du her: https://evenementen.uitslagen.nl/2018/warandeloop/

 

Kontakt
Kalendar