Arego
kw:!support_us

Sølv til Stord på både første og andre dag av Lerøy-lekene på Osterøy

08.09.2018 |Nils Hetleflåt

På første dag av Lerøy-lekene på Osterøy i dag sprang Sofie Skard (14) inn til sølv på 60m hekk med tida 10,15 og var med det 0,15 sekund bak vinnaren i mål. Ariel Christensen (13) sprang inn til tida 29,52 på 200m og det holdt til 9.plass på distansen. Tida var under hennar personlege rekord, men det var ein medvind på +2,3 m/s og dermed underkjente resultat.

På andre dag av Lerøy-lekene vart Sofie Skard (14) nr 2 i høgde med resultatet 1,54 m, noko som er 3 cm bak pers. I tresteg vart det 10.plass med resultatet 9,25m. Ariel Christensen (13) vart nr. 3 i sitt forsøksheat på 60m på tida 8,89 og det holdt til 8.plass totalt i 13 årsklassen.

Hordaland vann lagkonkurransen foran Rogaland, Agder og Sogn og Fjordane

Alle resultat finn ein her: http://webres1.andro.no/ungdomelekene/2018/osteroy/

Kontakt
Kalendar