Arego
kw:!support_us

Sterke Stord resultat i Haugesund 28.januar

28.01.2017 |Nils Hetleflåt

Under dagens KM i Rogaland i Deep Ocean Arena i Haugesund vart det oppnådd mange sterke resultat av Stord sine utøvarar.

Tone Sandtorv Brakedal smelte til med 7,95 i forsøket på 60m og sprang for første gong i karrieren under 8 blank. Det skjedde imidlertid ikkje utan dramatikk, då ho vart først vart diskvalifisert for tjuvstart, men ein protest samt video av starten viste at dette var feil. Dermed sprang ho åleina i eit eige heat og fekk tida 7,95. I finalen vart det 8,03 og 4.plass. Dette er også ny lagsrekord i klubben.

På 60m hekk sprang ho først eit godt løp, men her svikta tidtakinga. Dermed vart det eit nytt løp ca 25 min etter og der sprang ho inn til 2.plass med tida 9,18 og ein ny pers med 24 hundredelar.


På 3000m for kvinner var det Pernilla E. Epland som imponerte med eit sterkt løp. Ho låg l ryggen på Camilla Ziesler i rundt 2000m, men då ho merka at tempoet dalte sprang ho forbi og auka tempoet. Sluttida vart sterke 10,00,42 og med det så persa ho med 27 sekund. Den beste tida som er oppnådd av ein dameløpar i klubben.

Tom Erling Kårbø sprang 800m som ein gjennomkjøring før neste helgs 3000m i Stockholm. Han la seg på 2.plass etter 1.første runde 200m, like bak Jacob Ingebrigtsen og fall ned på 3.plass etter 400m. Like før passering 600m gjekk Tom i tet, men Jacob fulgte lett like bak og han sprang forbi når dei passerte 700m. Slutt tida for Jacob: 1,55,30 og Tom Erling: 1,56,02

Elles vart det ny pers på Erlend Kringeland på 200m med tida 27,78, som vann 14 årsklassen. Erlend vann og 600m med tida 1,45,13. Sondre Mæland sprang inn til ny pers på både 60m med 7,77 og 200m med 24,52, samt i kula med 9,25m som han vann.

Sofie Skard (J-13) sprang inn til 2.plass på 60m hekk med tida 11,72, på 60m vart det 3.plass med tida 9,44 (i forsøket vart det 9,18) og i høgde vart resultatet 1,30m og 3.plass.

Lars Lunde sprang 60m på 8,07 og han støtte 8,12 m i kula som er pers med seniorkula.

Kontakt
Kalendar