Arego
kw:!support_us

Sterke tider på Oslo halvmaraton 19/9

20.09.2015 |Nils Hetleflåt

Det vart mange sterke tider på Stord sine utøvarar under Oslo halvmaraton som vart arrangert på laurdag 19.september.

Lars Lunde som debuterte på denne distansen sprang inn til den sterke tida 1.11.54 og vart norsk meister i juniorklassen U-19.  Jacob Hystad sprang og inn til ny personleg rekord med tida 1.12.58. Begge løparane sa i ettertid at dei var godt fornøgd med løpa sine. Etter å ha gått gjennom passeringstidene frå løpa ser ein at det har gått noko seinare på siste 6 km og det skyldast at det er ein kraftig motbakke som må¨forserast i denne delen samt at løypa er noko meir kupert på slutten.

Oddmund Roalkvam vann sin klasse 55-59 på den sterke tida 1.18.35 og klarte med det målsettjinga han gav oss på Stordløpet 14 dagar før. For Arnfinn Aadland vart det tungt siste halvdel ,etter at han passerte 10 km like bak Oddmund, kom han inn på 1.25.29.

Det var mange fleire stordabuar med på løpet og du finn resultata på www.oslosmaraton.no

 

Kontakt
Kalendar