Arego
kw:!support_us

Tom Erling Kårbø nær vm kravet på 3000m hinder i Leiden

18.06.2017 |Nils Hetleflåt

På 3000m hinder i nederlandske Leiden laurdag kveld var Tom Erling Kårbø nær vm-kravet på 3000m hinder, då han sprang inn til seier med tida 8,34,19 og ny personleg rekord. Dette var bare 2,19 s b\ak kravet.

Tom Erling kom rett frå ein 13 dagars høgdetreningsleir i franske Font Romeu, som ligg i Pyreneene og ned til byen Leiden i Nederland. Dette opphaldet har gjort godt for formen til Tom Erling, det viste han med dette sterke løpet. Han er no oppe på 13.plass på norske adelskalendaren gjennom tidene på 3000m hinder.

Neste konkurranse for Tom Erling er europacupen for lag førstkommande helg i finske Vasa, kor dei l12 anda som ligg i divisjon 1 er med.

Kontakt
Kalendar