UM 15-22 på Nes Arena 6.-8.mars
Under helgas UM15-22 på Nes Arena stilte Stord IL-friidrett med 5 utøvarar: Steffen Tjensvoll Hjelmeland (20), Alf Kristian Tjensvoll Hollund (18), Ask Eldøy Rosland (17), Linus Vikanes (16) og Simon Farstad Skåla (16).
Fredag sprang Steffen 60 meter på 7,23 s i forsøket og det var litt for seint til å gå vidare til finalen i klasse MU23. Alf Kristian sprang inn til 2.plass i sitt forsøksheat på 60m i MU20 med tida 7,28 og han avanserte til semifinale på laurdag. Ask fekk ikkje springa sin 400m pga flyet frå Sørstokken vart så forsinka at me ikkje nådde start. Linus og Simon sprang 1500m og begge to gjorde løp og satte nye personlege rekordar, Linus sprang inn til tida 4,27,63 i b-heatet, medan Simon sprang inn til tida 4,21,83 i a-heatet. Totalt plasserte dei seg som nr 5 og 10 totalt i G-16.
På laurdag sprang Alf Kristian inn til tida 7,26 på 60meter og 3.plass i sitt semifinaleheat. Med det så mangla han 2 hundredelar på å gå vidare til finalen. Steffen hoppa lengde og med litt rot i tilløpet på dei 2 første forsøka slo han til med 6,33m i 3.omgang og ny innandørs pers. Det holdt til 5.plass i MU23. Ask sprang 200m og han kom gjennom runden på tida 24,24s, noko som var ny personleg rekord med 21 hundredelar. Det holdt til 10.plass i forsøket og han kom seg ikkje vidare til finalen.
På søndag var det klart for 800m, der Linus sprang i b-heatet og Simon sprang i a-heatet. Linus starta litt forsiktig, men auka farten utover i løpet og sprang inn til tida 2,11,02 og 2.plass i heatet. I a-heatet var farten stor frå start av og Simon la seg bakerst i feltet på dei 3 første rundane, men på siste runde avanserte han og han sprang inn til 5.plass med tida 2,05,08. Dette var ny personleg rekord. Avslutningsvis så var Stord blant deltakar laga på 4x200m i MU23 og laget bestod av Steffen, Ask, Simon og Linus i den rekkefølga på laget (Alf Kristian måtte stå over pga sjukdom). Dei sprang godt og kom inn på tida 1,39,39 og 2.plass i b-heatet. Totalt gav det 6.plass på laget.
- 91385442
- Nils.hetleflat@sklbb.no





